Om prosjektet

Alle barn og unge skal kunne ferdast trygt, på skulen, i idretten og på fritida. Dei skal bli sett, inkluderte og møtte av trygge og tydelege vaksne.

Trygg i Dale er eit felles initiativ frå Dingemoen skule, FAU og Dale Idrettslag. Målet er å skape ein felles kultur for tryggleik, inkludering, meistring og gode haldningar blant barn og unge i Dale.

Barn og unge lever livet sitt på tvers av ulike arenaer. Dei same barna møtest på skulen, på trening, på fritida og rundt om i bygda. Det som skjer éin stad, påverkar ofte det som skjer ein annan stad. Derfor må også vi vaksne samarbeide på tvers.

Trygg i Dale skal bidra til at barn og unge møter tydelege forventningar, trygge vaksne og dei same grunnleggjande verdiane – uansett kvar dei er.

Prosjektet vart starta i samband med 100-årsjubileet til Dale IL i 2026, og har fått støtte frå SpareBank 1 Sogn og Fjordane som ein del av banken si satsing på idretten i Fjaler.

Norsk tekst med flotte, fargede ord på en hvit bakgrunn, inkluderer ord som 'VÆRE SNILL', 'RESPEKTERE ANDRE', 'HALDE FOKUS', 'FOKUSERE', 'POSITIV', 'GODE TILBAKEMELDINGER', 'HØYRE ETTER', 'HØYRE PÅ TRENEREN'.

Dei same forventningane uansett arena

Barn og unge treng trygge, tydelege og føreseielege vaksne. Dei treng å vite kva som er greitt og ikkje greitt, og dei må kunne stole på at vaksne ser, lyttar og grip inn når det trengst. Med Trygg i Dale ønskjer vi derfor å skape nokre enkle, felles forventningar til korleis vi møter kvarandre, anten vi er trenarar, foreldre og andre vaksne, vener eller lagspelarar.

Det handlar ikkje om store ord. Det handlar om dei små handlingane i kvardagen: å sjå den som står åleine, la alle få vere med, heie på andre, bruke eit godt språk og våge å seie frå når noko ikkje er greitt.

Ordsky med norske ord relatert til trening og helse, inkludert "Miljø", "Greie lagspelarar", "Gode vaksne", "Inkludere", "Snakke fint til andre", "At andre er greie", "At trenaren er snill og god", "At vennene er på trening", og "Informasjon".

Innspel frå barn og vaksne

Ein viktig del av arbeidet har vore å spørje barn og unge sjølve. Gjennom samtalar med ulike treningsgrupper i handball og fotball har dei fått fortelje kva som gjer trening kjekt, kva som skaper utryggleik, kva dei sjølve kan gjere for andre – og kva dei treng frå trenarane sine for å kjenne seg trygge.

Også trenarar og andre vaksne har vore involverte. Eit tydeleg fellestrekk er behovet for tydelege vaksne, klare rammer, føreseielegheit og ein felles praksis, ikkje ulike spelereglar frå lag til lag eller arena til arena.

Vi er tøffe nok til å bry oss

Det skal vere trygt og godt å vekse opp i Dale. Det får vi til når vi ser kvarandre, inkluderer kvarandre og seier frå når noko ikkje er greitt.

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Det er det Trygg i Dale handlar om.